ULUKKE: Bilen hamna i grøfta langs E16.

Trafikkulukke på Stanghelle

Ein person og ein bil var innblanda i ei trafikkulukke på E16 på Stanghelle torsdag kveld

Bilen hamna i grøfta like ved innkøyrsla på E16 til Stanghelle sentrum. Det er ikkje meldt om personskade.

— Ambulansepersonell har sett til føraren av bilen. Han er uskadd, melder Vest politidistrikt.

Vegen har vore stengt i litt over ein halv time. Men no vert trafikken dirigert forbi ulukkesstaden.